Handelsstaden Vågsberget er den eldste handelsstaden
i Ytre Nordfjord, og var til slutten av 1800-talet den viktigaste, fordi
den låg svært lagleg til ved dei rike fiskefelta kring Vågsvåg og Torskangerpollen.
Handelsstaden har eksistert frå 1600-talet.
Aleksander Didrikson Fester fekk kongebrev på handel 1692, og med rett
til å drive gjesteheim på Moldøen. På 1700-talet slo eigarane av Vågsberget
under seg store jordeigedomar i Ytre Nordfjord og Bremanger. I 1744 vart
Moldøen med handel og privilegia der selde og skilde frå drifta på Vågsberget.
I 1777 overtok handelsmannen Peder Tonning, son til Peder Pederson Tonning,
Vågsberget. I hans driftstid vart m.a. hovudhuset og mange av sjøbuene
i det no verna handelssetet på Vågsberget bygde. Det er same Tonning-ætta
som bygde opp og eigde handelsstaden ved munningen av Stryneelva. Herskapshuset
frå den tida er kjend som Valhalla gjestgiveri.
Lem-familien kom inn som eigarar på Vågsberget i 1889 då lensmann Arnoldus
Lem kjøpte Vågsberget saman med telegrafstyrar P.A. Strømsøe. Seinare
gjekk drifta over til Einar Lem og Rolf Lem. I 1920 selde Lem-folket Vågsberget
til skipsreiar Jacob Kjøde, som saman med svigerson, skipsreiar Johan
Horn bygde ut store fabrikkanlegg og sildemottak på eigedomen.
På 1970-talet tok Vågsøy kommune over forvaltninga av eigedomane med tanke
på vern av dei gamle bygningane. I den verste ”oljefeberen” midt på 1970-talet,
då ”alle” kappast om å få oljebasar langs kysten, baud Vågsøy kommune
ut Vågsberget som base-tomt – utan å få napp. På 1980-talet gjekk forvaltningsansvaret
for Vågsberget over til Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Dei siste åra har Kultursmia hatt ansvar for drift av Vågsberget.
|
 |
 |

|