Kultursmia er eit lite driftselskap som vart skipa i 2003. Dei siste fem åra har Kultursmia disponert lokaler på Vågsberget Handelsstad, og det er her dei fleste av Kultursmia sine aktivitetar finn stad.
Dagleg leiar, Rita Andal, er utdanna kokk, og har 20 års erfaring med restaurantdrift, catering, og turisme. Dei siste åra har ho jobba mest med kystkultur og matkultur. Ho jobbar spesielt med lokale mattradisjonar og formidling av kystkultur for born og vaksne.
Rita jobbar også med fråflyttingsproblematikk, mellom anna gjennom å arrangere kurs for ungdomsskuleelevar om fiskerinæringa, og kystkulturveker for born, der føremålet er at born skal få positive opplevingar knytta til kulturen og heimstaden sin, gjennom at borna lærer å setje garn, meistre sikkerhet på sjøen osb.Tidlegare har Rita Andal mellom anna jobba i 4H, i den lokale turistnæringa og som heimkunnskapslærar.
Arne Andal er også sentral i drifta av Vågsberget. Arne spelar i Vågsbergets husband, Hot Strings. Hot Strings spelar tradisjonell fransk string swing, men har eit vidt reportoar som famnar om det meste.
Arne jobbar også med mattradisjonar og klippfiskproduksjon.


Kultursmia takkar Thomas Hagen for utlån av flotte bileter!